Siste oppdatering

Opne vasstandsdata

Vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein valt stad på di nettside.

Ny url for API-et Gamal adresse opphøyrer 19. september 2024

Alle kall som inneheld api.sehavnivå.no må så snart som råd endrast til vannstand.kartverket.no.

Frå 19. september vil spørringar som inneheld api.sehavniva.no gi feilmeldingar. 

Finn data Data for vasstand og tidvatn

Her får du meir informasjon om bruk av API for vasstandsdata:

API vasstand

Data for vasstand er gjort tilgjengeleg gjennom eit API som gjer det mogleg å hente ut og integrere data med eigne system.

Du kan få data i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.

API-et er opent for alle. Det er ikkje nødvendig å registrere seg, men Kartverket krev å bli namngitt som kjelde.

Send gjerne ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt om du nyttar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.

Widget for tidvatn

Widgeten gjer at du enkelt kan vise data for tidvatn direkte på nettstaden din og gi besøkande oppdatert informasjon om flod og fjære direkte frå Kartverkets database. Widgeten kan til dømes vere verdifull for kystkommunar, båthamner, lokale media, badestrender og campingplassar. 

Slik sett du opp widgeten på din nettstad:

  • Søk på stad/posisjon du ønskjer å hente varsel for tidvatn frå, inne på Se havnivå.
  • Heilt til høgre, under varsel om neste forventa låg- og høgvatn (flod og fjære), finn du menypunktet </>.
  • Klikk på menypunktet </> og kopier koden.
  • Bygg koden inn i di eiga publiseringsløysing.
  • Widget på engelsk: Legg til language=en i URL (lenkeadresse).

No kan du gje brukarane av nettstaden din oppdatert, lokal informasjon om tidvatn. Viss brukaren klikkar på lenka «Gå til Se havnivå» i botn av widgeten, vil ho kome til søkeresultat for staden i Se havnivå-tenesta.

Tidvasstabellar og vasstandsvarsel på Se havnivå

Observert og varsla vasstand, flod og fjære og tabellar for tidvatn finn du i nettenesta Se havnivå. Bruk vasstandsvarsel for de næraste dagane og tidvasstabell for å planleggje lengre fram i tid.

Del
XPPT