Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fylkesgeodataplan for Rogaland

Fylkesgeodataplanen 2024-2027 med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Rogaland i oktober 2023. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Kartverket Rogaland er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Rogaland, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Rogaland som vedtek geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Hovudsatsingsområda i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Rogaland vil ha følgande fokusområde og satsingar i planperioden:

  • Sluttføre vegadresser i Rogaland
  • Få alle relevante detalj- og reguleringsplanar og kommunedelplanar over på digitalt vektorformat
  • Arbeide for å auka kvalitet på plandata
  • Gjennomføre regionsvise møte med dei samarbeidande kommunane
  • Auke kompetansen i og få fleire datasett med i Det offentlege kartgrunnlaget (DOK)
  • Styrke og vidareutvikle Temakart Rogaland
  • Gi grunnlag for å førebygge og handsame kriser på ein betre måte
  • Marine data i kystsona og hamnedata
  • Følgje opp arbeidet i faggruppene for planer og verktøy til analyser, samt brukarforum for Nasjonal vegdatabank (NVDB)
  • Sikre samordning mot aktiviteter i nasjonal geodatastrategi
    • Halde oss orientert om aktiviteter i geodatastrategien
    • Vere ein aktiv bidragsytar til å kome med innspel til nasjonale satsingar

Korleis fylkesgeodataplanen er bygd opp

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Den gjeld ikkje for arbeid dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet.

Planen har av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Det gir ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert lokalt, og dei viktigaste rammevilkåra. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Kontakt

Share
XPPT