Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

FoU-forum samla geomatikkmiljø

Den 4. november samla FoU-forum deltakarar frå offentleg sektor, akademia og forskingsmiljø til ein dag med faglege innlegg, diskusjonar og erfaringsutveksling om sentrale tema i den kommande FoU-strategien.

Geografisk informasjon som drivkraft for forsking og innovasjon

Den første fagbolken tok for seg korleis forsking og utvikling kan bidra til å realisere verdien av geografisk informasjon.

Deltakarane fekk innblikk i arbeidet med digitale tvillingar gjennom prosjektet Oppdrag Mjøsa, presentert av ph.d.-student Sajith Ranatunga frå NTNU i Gjøvik. Ole Allen og Fred Frölich frå Universitetet i Innlandet viste korleis geodata er nytta til å utvikle ein VR-modell av Hamar gjennom GoGreen Next-prosjektet. Dei synte òg korleis ulike klimascenario kan visualiserast og analyserast for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for berekraftig by- og arealplanlegging.

Innlegga synte korleis geografisk informasjon spelar ei stadig viktigare rolle i arbeidet med å forstå, planleggje og utvikle samfunnet. Samstundes understreka dei kor viktig eit tettare samarbeid mellom forsking og forvaltning er. Dette reiste òg spørsmålet om korleis FoU-forum kan bli ein meir relevant og attraktiv samarbeidsarena for universitets- og høgskulesektoren.

Samspel mellom forsking og praksis

Eit gjennomgåande tema gjennom dagen var behovet for tettare samarbeid mellom forskingsmiljø, offentlege verksemder og kommunal sektor.

Deltakarane fekk bli kjende med forskingssenteret CISU – Berekraftig bruk av undergrunnen, som eit døme på eit relevant forskingsmiljø det kan vere aktuelt å samarbeide tettare med. Gjennom presentasjonar om berekraftig bruk av undergrunnen, kommunale utfordringar og kunnskapsbehov knytte til undergrunnsdata fekk deltakarane innsikt i problemstillingar som krev tverrfagleg samarbeid og ny kunnskap.

Ansvarleg bruk av kunstig intelligens og tillit til geografisk informasjon er eitt av dei sentrale innsatsområda for FoU-forum framover. Gjennom eit innlegg frå IFE i Halden fekk deltakarane innblikk i korleis risiko knytt til bruk av kunstig intelligens kan vurderast og handterast. Erfaringar frå kjernekraftsektoren gav òg relevante perspektiv for geodataområdet.

Diskusjonane gjennom dagen synte eit stort engasjement for å knyte forskingskompetanse og praktiske behov tettare saman.

Verdifulle innspel til FoU-strategien

Gjennom heile dagen kom deltakarane med refleksjonar, erfaringar og konkrete innspel til det vidare arbeidet i FoU-forum. Desse innspela blir viktige i utviklinga av FoU-forum som møteplass og pådrivar for forsking og innovasjon innan geomatikk og geografisk informasjon.

FoU-strategien for Noreg digitalt, med sju innsatsområde, fekk tilslutning frå Samordningsgruppa for geografisk informasjon i november og vil bli gjort tilgjengeleg innan utgangen av året. Strategien skal gi retning for arbeidet i FoU-forum og bidra til å styrkje samarbeidet om forsking og innovasjon innan geografisk informasjon.

Vegen vidare

FoU-forum takkar alle foredragshaldarar og deltakarar som medverka til ein innhaldsrik og inspirerande dag. Det store engasjementet viser at det er eit sterkt ønske om meir samarbeid, kunnskapsdeling og felles utvikling på tvers av sektorar.

Vi ser fram til å ta med oss innspela vidare og halde fram arbeidet med å styrkje forsking og innovasjon til nytte for heile geomatikkmiljøet.

Share
XPPT