Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Teknologisamarbeid med studentar og Norsk Luftambulanse

Bachelorstudentar ved UiA har levert nye teknologiløysingar til Norsk Luftambulanse sine karttenestar. Det skal gjere det enklare for pilotar å registrere luftfartshindre i Kartverket sitt nasjonale register over luftfartshindre (NRL).

" width=
Helikopterpilot Trygve Borgen frå Norsk Luftambulanse fekk sjå på løysingane laga av studentane. Foto: Magnus Nødland Skogedal/UiA

Tre av fire havari i Norsk Luftambulanse si historie har vore forårsaka av kollisjonar med høgspentleidningar.

Luftambulansen er avhengige av oppdaterte kart som viser alle menneskeskapte hindre over 15 meter, men det er framleis mange som ikkje melder inn det som blir bygd i Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL).

Bachelorstudentar ved IT- og informasjonssystem ved UiA har jobba for å lage gode løysingar som let pilotar markere og rapportere enkle luftfartshindre dei møter på under flyging, til NRL. Oppgåva til studentane har vore å lage forslag til webapplikasjonar som pilotar frå Norsk Luftambulanse, Luftforsvaret og Politiet si helikopterteneste kan bruke.

Dette blei markert med ei samling 26. november, og eit helikopter frå Norsk Luftambulanse kom på besøk i den anledning. 

– Helikopterpilotane har på seg hanskar, det er turbulent, og mykje som må takast omsyn til. Det må vere enkelt for dei å ta teknologien i bruk, og kunne markere samstundes som dei opererer helikopteret. Det er ei spanande utfordring for våre studentar, seier instituttleiar Øystein Sæbø ved institutt for informasjonssystem hos UiA.

Landa på campus

120 studentar har jobba i grupper for å utvikle løysningar. Det involverer programmering, databasar og tenestedesign. Ifølge studentane har det å utvikle teknologi for Norsk Luftambulanse gitt arbeidet ein ekstra dimensjon. 

– Vi har følt litt på ansvaret som ligg i oppgåva. Dette er viktig teknologi som må løysast på en god måte, seier student Hanna Falang. 

Luftambulansen landa midt på plena mellom fakultetsbygga på campus ved UiA i  Kristiansand. Studentane fekk bli med inn i helikopteret og sjå på arbeidsforholda. 

– Dette har vært veldig annleis frå å jobbe med rein teori. Og det er veldig gøy at dei kjem innom på besøk, seier student Ellen Runestad.

Etter landing fortalde pilot Trygve Borgen om helikopteret, og alle om bord fekk også bli med inn for å sjå på studentane sitt arbeid. 

Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse landar ved campus på UiA i Kristiansand.
Ein Luftambulanse landa midt på plena mellom fakultetsbygga ved UiA 26. november. Piloten fekk teste løysingar utvikla av UiA-studentane. Foto: Magnus Nødland Skogedal/UiA

– Betydning for flysikkerheit

– Dette er gøy å være med på, men det ligg også eit alvor bak. Dette er veldig aktuelle problem for oss, og eg håpar at dette samarbeidet kan styrke tryggleiken vår, seier Borgen.

Det er Kartverket som drifter Nasjonalt register for luftfartshindre (NRL). Tanken er, at Kartverket skal dobbeltsjekke plassering etter at pilotane har markert luftfartshindre, og oppdatere registeret. 

– Dette er eit samarbeid som har direkte betydning for flysikkerheit. Vi har jobba saman med UiA før, og studentane imponerer oss kvar gong. Dei er løysingsorienterte og nysgjerrige, og har vist stor evne til å sette seg inn i komplekse problemstillingar, seier avdelingsdirektør Lars Fredrik Gyland i Kartverket.

I det vidare arbeidet med å utvikle ferdig løysing for pilotar som kan knytes til NRL, vil Kartverket kontakte aktuelle studentgrupper.

Ellen Runestad og Hanna Falang står foran en luftambulanse.
Studentane Ellen Runestad (til venstre) og Hanna Falang har vore med på å utvikle luftfartshinder-teknologien. Foto: Magnus Nødland Skogedal/UiA

Fakta om NRL

Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL) er eit digitalt register over menneskeskapte objekt som utgjer ein risiko for luftfarten. Registeret blir forvalta av Kartverket og er heimla i luftfartshinderforskrifta som Luftfartstilsynet forvaltar.

Luftfartshinder: Alle menneskeskapte objekt over 15 meter (30 meter i spesifikke område) over terreng eller vatn, signalførande og straumførande luftspenn, taubaner, endemaster til luftspenn, og andre liknande strukturar er rekna som luftfartshinder.

Rapporteringsplikt: Eigarar av luftfartshinder må rapportere opplysningar om hinderet til Kartverket minst 30 dagar før det blir etablert, endra, flytta eller fjerna.

Krav til rapporteringsnøyaktigheit: Luftfartshinder skal rapporterast med nøyaktigheit innanfor visse grenser, spesifisert i forskrift om rapportering, registrering og merking av luftfartshinder.

Share
XPPT