Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Interessa held seg for kartleggingsmidlar

Søknad om støtte til kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming var stor også i år. Midlane er fordelte og vi er godt i gang med rettleiingskurs.

Søknadsrunden for kartleggingsmidlar i 2026 er no avslutta. Det kom inn 27 søknader om støtte til ulike prosjekt, noko som viser at interessa for ordninga held seg.

Krevjande prioritering

Alle søknader vart grundig vurderte, og vi har forsøkt å imøtekomme så mange som mogleg. Dette var ei krevjande prioritering, ettersom det i år berre var tilgjengeleg 1,35 millionar kroner til fordeling.

Rettleiingskursa er i gang

No er vi allereie i gang med kursrunden. Det blir arrangert både fysiske og digitale rettleiingskurs i løpet av mai og juni for alle prosjektdeltakarar.

Kartleggingsarbeidet startar umiddelbart etter at deltakarar har gjennomført kurs.

Status Kartverkets prosjektarbeid

Kommunal- og distriktsdepartementet gir tilskot gjennom Kartverket til utvalde kommunar og fylke som ønskjer å gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit.

Sjå status for Kartverkets prosjekt om kartlegging av tilgjengelegheit.

Share
XPPT