Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Nye sjøkart gir sikrare seglas i Tromsø hamn og Brevikstrømmen i Telemark

Sjøfarande har no tilgang til elektroniske sjøkart frå Kartverket med meir presis og detaljert framstilling av djupneforholda i Tromsø hamn og Brevikstrømmen. Dette bidreg til tryggare ferdsel for skipstrafikken i områda.

Tromsø hamn ei av dei største fiskerihamnene i Noreg, har mykje cruisetrafikk og er eit viktig  logistikknutepunkt i nordområda.

Brevikstrømmen, mellom Brevik og Stathelle, forbind Langesundsfjorden med Frierfjorden i Telemark. Industrien i Bamble og Grenland gjer dette til ei av Noregs mest travle farleier. På det smalaste, er Brevikstrømmen berre ca. 230 meter brei.

No har begge områda fått høgoppløyselege elektroniske sjøkart (High Density (HD) ENC) med meir detaljerte djupnekurver. Djupnekurvene er fortetta til intervall på ein meter i området 5–30 meters djup. Denne nye detaljrikdommen gir fartøy større handlingsrom.

Innseglingar og hamneanløp

– Dette er en del av et pågåande arbeid med å forbetre sikkerheita og effektiv drift av norske hamner. Kartverket jobbar for å få tettare djupnekurver i område der dette kan gi mest mogleg nytteverdi for navigatørane i samanheng med innsegling og hamneanløp, seier Siri Reimers, fagansvarleg for sjøkartmynde i Kartverket.

Sjå kart på norgeskart.no:

Auka sikkerheit med detaljerte kart

Den detaljerte djupneinformasjonen i kartet gjer at navigatøren om bord kan legge inn sikkerheitskonturen tettare opp mot skrogdjupe til fartøyet. Dette er særleg nyttig i område med minimal klaring under kjølen på skipet, og i farvatn der det er vanskeleg og avgrensa plass til å manøvrere.

– Norske hamneområde er i stadig utvikling. Det vert mudra og det vert bygd nye kaier. Det kan vere ei utfordring for sjøfarande når dei detaljerte djupnedataa i kartet ikkje lenger stemmer med terrenget, fortel Reimers.

Kartverket oppfordrar hamneeigarar til å informere når dei planlegg tiltak som krev oppdatering av djupneforhold i navigasjonsprodukt.

Tilgang til oppdaterte sjøkart

Alle norske offisielle elektroniske sjøkart (ENC) vert formidla via PRIMAR. Kartinformasjonen er også tilgjengeleg i kartplottarar som baserer seg på data frå Kartverket, forutsett at dei er oppdatert. 

Den detaljerte djupneinformasjonen er også tilgjengelig i kartet i farvatnskildringa «Den norske los» og på norgeskart.no.

Fakta

Produksjonen av detaljerte elektroniske sjøkart (HD ENC) er ein del av eit pågåande arbeid med å forbetre sikker og effektiv seglas i norske sjøområde og hamner.

Område kor arbeidet med tettere djupnekurver er gjennomført:

  • Bergen hamn
  • Bodø hamn
  • Brevikstrømmen – innsegling i Telemark
  • Egersund hamn
  • Florø hamn
  • Galtesund – innsegling til Arendal
  • Hammerfest hamn
  • Haugesund hamn
  • Husøy hamn
  • Kristiansand hamn
  • Kristiansund hamn
  • Mandal hamn
  • Narvik hamn
  • Oslo hamn
  • Risavika hamn
  • Stavanger hamn
  • Trondheim hamn
  • Tromsø hamn

Offisielle elektroniske sjøkart (ENC) vert brukt til papirlaus navigasjon i navigasjonssystemet ECDIS. Norske ENC-ar vert produsert av sjødivisjonen i Kartverket.

Kartverket er sjøkartmynde i Noreg.

Kontakt

XPPT