Fagdag: Uregistrerte jordsameige i fjellområde

Kartverket Vestland inviterer til ein spennande fagdag der du mellom anna vil lære meir om teiger som mangler matrikkelnummer og uregistrerte jordsameier. Påmeldingsfrist 1. august.

Me vil òg diskutere vanlege utfordringar, blant anna korleis rettleie partar, korleis registrere i matrikkelen og kva moglegheiter ein har for tinglysing.

Fagdagen er gratis inkludert lunsj.

Målgruppe

Målgruppa er kommunale landmålarar og matrikkelførarar. Andre som er interesserte i temaet, kan òg melde seg på.

Program

12:00 Døme på utfordringar frå kommunen v/ Kjersti Soltvedt, Masfjorden kommune

12:15 Konkrete døme frå Jordskifteretten v/ Terje Hanekam, Sogn og Fjordane jordskifterett

13:15 Lunsj

14:15 Om gjeldande lovverk v/ Arnulf Haugland, Kartverket Vestfold og Telemark

15:15 Pause

15:30 Kort om tinglysing av registrerte jordsameige v/ Beate Aase, Kartverket Vestland

  • Jordskifteretten
  • Matrikkelloven § 14

Eksempler på teknisk føring

  • Frå Mnr mangar teig til uregistrert jordsameige
  • Bruk av hjelpelinjer

16:00 Vel heim!

 

Del
XPPT