Siste oppdatering

Bestill historiske kart

Det er gratis å laste ned historiske kart frå Kartverket. Ønsker du kartet som GeoTiff eller med betre oppløysing eller er du på leit etter eit kart som vi ikkje har skanna enno, kan det bestillast her.

Det meste av Kartverkets samling av historiske kart er digitalisert og er gratis tilgjengeleg for publikum på nedlastingsløysinga vår for historiske kart. Der kan du sjølv ta utskrift om du ønsker det.

Merk at Kartverket ikkje leverer trykte kart: Vil du ha betre utskrift enn det du får på din eigen skrivar eller i større format, kan du tinge dette via forhandlarane våre. Klikk deg vidare til oversikta over Kartverkets forhandlarar.

Ønsker du betre oppløysing enn det du får i gratisløysinga vår (meir enn 300 dpi) eller ein stadfesta GeoTIFF, må du først fylle ut og sende inn skjemaet nedanfor. Dette er inga bindande tinging, men ein generell førespurnad om kva du ønsker kart over og kva du ønsker at kartet skal innehalde. Du blir kontakta innan kort tid, og kan tinge etter dette.

Merk at vi i hovudsak ikkje har historiske kart over eigedomar eller grensekart utover administrative grenser.

Les også vilkår for bruk av historiske kart

Her kan du lese meir om karta som inngår i Kartverkets historiske arkiv.

Prisar historiske kart og dokument

Alle prisar nedanfor er utan meirverdiavgift (mva.).

Kartkopiar i 300-600 dpi TIFF (ved nedlasting via filemail):

  • Pris pr. kartblad: Kr 350,-

Topografiske beskrivingar kan også distribuerast digitalt. Dette er handskrivne brev som til tider kan vere stramt innbundne. Beskrivingane blir skanna på oppmoding. Filformatet er PDF, oppløysning varierer mellom 300 og 400 dpi etter storleiken på dokumentet.

Pris pr. time: kr 600,- blir rekna frå kvart påbyrja kvarter og inkluderer framfinning og etterarbeid.

Kartverket gjer merksam på at du ikkje betaler for sjølve kopien, men for jobben som blir gjort i samband med å finne fram og behandle saka.

Personopplysningar

Personopplysningar som du oppgir i skjemaet nedanfor, blir berre brukt til eventuell bestilling av historiske kart. Dei blir lagra hos Kartverket og sletta etter fastsette rutinar. Personvernforordninga (GDPR) gir deg kontroll over dine eigne personopplysningar. Les meir i Kartverkets personvernerklæring (lenke nedst på sida).

Bestill historiske kart

Du må være logget inn for å sende dette skjemaet. Hvis du er logget inn og likevel ikke kan sende inn, må du påse at «Ikke spor» er deaktivert i nettleserinnstillingene dine.
Del
XPPT