Siste oppdatering

NRL: Ein samfunnskritisk jobb som krev mykje innsats

Ein frist har innhenta kraftbransjen: No er det på høg tid å få resten av kraftnettet inn i Nasjonalt register for luftfartshinder. Ein stor jobb, men med kritisk verdi for samfunnet. 

1. juli 2024 var det frist for å rapportere inn til Nasjonalt register over luftfartshinder (NRL) alt av såkalla regionalnett og transmisjonsnett som går i lufta. Dette er dei største straumanlegga (dei som kryssar heile landet) med høgast spenningsnivå.

NRL_Fagseminar_Yonatan_Bisrat_Taye_SKV_03967_Foto_Iver_Daaland_Ase (1).JPG
 Yonatan Bisrat Taye under Kartverket og Luftfartstilsynets fagseminar om NRL våren 2024. FOTO: Iver Daaland Åse / Kartverket

 

Totalt inneber dette omlag 31 000 kilometer med straumførande linjer (tall frå 2018). Overingeniør og registerførar Yonatan Bisrat Taye i Kartverket ser ein stor auke sidan sommaren i mengda nett som er komme inn. 

– Før fristen trudde vi at vi hadde omtrent 30 prosent av regional- og transmisjonsnettet. Men vi skal ha alt, og alt skulle ha vore lagt inn innan fristen 1. juli. Vi trur no at vi har rundt 40 prosent, men det er vekslande kvalitet på dataa som er komne inn.  

– Ein del av dette er ikkje ferdig registrert enno. Vi har dagleg kontakt med eigarane av dataa for å “vaske dei”, eller rett og slett gjere dataa så brukbare som mogleg, forklarer Taye. 

Manglar ein del frå fleire store selskap 

Veksten frå tretti til førti prosent er ein auke, men Kartverket sitt fag-team bak NRL opplever samtidig at dei slit med kontakten med fleire aktørar i kraftbransjen. Yonatan meiner at fleire av aktørane ikkje er på ballen: 

– Dette er store arbeidsmengder, men dette har vore varsla i lang tid. Jamfør ei undersøking frå Kartverket i juni, er eit av problema at nettselskapa har problem med eigne nettinformasjonssystem (NIS). Dette er datasystema selskapa bruker for å halde kontroll på eige nett. Det inneheld – opplysningar om høgd, spenn – og så klart posisjonen til hindera.

Kraftlinjer_SKV_03301_Foto_Iver_Daaland_Ase.jpg
ILLUSTRASJONSBILDE: strømnett i Sunnhordland Foto: Iver Daaland Åse / Kartverket

I dag veit ein omtrent kor kvart hinder er, men datakvaliteten varierer – og dei fleste manglar dei konkrete opplysninga som vi treng i NRL.  
– Utfordringane som selskapa peikar på, handlar i hovudsak om to ting: fråvær av den informasjonen NRL-basen skal ha, og manglande funksjonalitet for å rapportere til databasen. 

Jobbar med å forenkle prosessen

Senioringeniør Geir Myhr Øien i Kartverket har jobba med NRL lenge, og har dei siste åra mellom anna jobba opp mot kraftbransje-selskapet Elbits. Saman har dei prøvd å gjere innrapporteringa så enkel og lik som mogleg for breidda av kraftselskapa.  

– Med maskin til maskin-løysinga vi har utvikla saman med Elbits, gjer ein innrapporteringa meir straumlinjeforma. Det blir meir standardiserte rutinar når selskapa skal få inn informasjonen sin, seier Øien. 

– For å få til ein effektiv dataflyt mellom nettselskapas NIS og NRL er vi heilt avhengig av å automatisere prosessen. Elbits har vore i front med å løyse at nettselskapa via ei felles rapporteringsløysing frå Elbits kan gjere direkte oppdateringar i databasane. Førebels har ikkje så mange nettselskap tatt i bruk løysinga, men vi reknar med at talet vil auke mykje framover, seier Øien. 

NRL_Fagseminar_Geir_Myhr_oien_SKV_03964_Foto_Iver_Daaland_Ase (1).JPG
Geir Myhr Øien under Kartverket og Luftfartstilsynets fagseminar om NRL våren 2024. FOTO: Iver Daaland Åse / Kartverket

 

Ny frist i 2025 

1. juli 2025 kjem ein ny frist: Der det før var avgrensa til regional- og transmisjonsnettet, skal no alt av straumførande leidningar rapporterast. Det inkluderer mellom anna lågspentnettet og andre hinder eigd av mindre aktørar. Dette blir ein stor jobb som særleg kommunesektoren må begynne på allereie no. 

– Det er ein massiv jobb. Mange kommunar og mindre kraftselskap er enno ikkje klare for den jobben som kjem. Det er viktig at dei allereie no begynner å sjå på sine eigne system for å få rapportert inn luftfartshinder i stor skala før fristen kjem, seier Yonatan. 
Dei siste åra er dette ei oppgåve som kommunane har visst om – og registerføraren trur han veit korleis dette vil treffe kommunane.  

– Kommunane manglar kapasitet, og har derfor valt å utsette arbeidet. No kjem fristen, og då er det viktig at dette ikkje kjem som ei overrasking på dei. 

Fakta: Nasjonalt register for luftfartshindre (NRL)

Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL) er et digitalt register over menneskeskapte objekter som kan utgjøre en risiko for luftfarten.

Luftfartshinder: Alle menneskeskapte objekter over 15 meter (30 meter i spesifikke områder) over terreng eller vann, signalførende og strømførende luftspenn, taubaner, endemaster til luftspenn, og andre lignende strukturer regnes som luftfartshinder.


Rapporteringsplikt: Eiere av luftfartshinder må rapportere opplysninger om hinderet til Statens kartverk minst 30 dager før etablering, endring, flytting eller fjerning.


Krav til rapporteringsnøyaktighet: Luftfartshinder skal rapporteres med nøyaktighet innenfor visse grenser, spesifisert i forskriften.

 

Les mer på fagsiden

Del
XPPT