Konsesjon ved tinglysing
Å få konsesjon betyr å få løyve frå kommunen for å overta eigedom. Ved tinglysing av eigarskifte, eller avtale om langvarig bruksrett må du kontakte kommunen for å avklare konsesjonsforholdet.
Du må undersøkja konsesjonsforholdet før tinglysing
Eit konsesjonsvedtak eller eigenerklæring om konsesjonsfridom må vere registrert av kommunen før du sender tinglysingsdokumenta til Kartverket. Opplysningane blir tilgjengelege for Kartverket. Vi returnerer dokumenta utan tinglysing dersom konsesjonsforholdet ikkje er registrert.
Eigenerklæring om konsesjonsfridom
I ein del tilfeller, må ny eigar fylle ut eit skjema som heiter ”Eigenfråsegn om konsesjonsfridom”. Skjemaet får du hjå kommunen, eller du kan laste det ned frå Landbruksdirektoratet si heimeside. Du kan kontakte kommunen som eigedomen ligg i om du treng hjelp til utfylling.
Område med nedsett konsesjonsgrense
I ein del kommunar er konsesjonsgrensa satt ned, enten for nokre områder, eller i heile kommunen. Nye eigarar i ein slik kommune, må søkje om konsesjon eller fylle ut det raude skjemaet for eigenerklæring om konsesjonsfridom. Dette gjeld også nye eigarar av burettslagsandelar, og dei som skal få ein festekontrakt eller annan langvarig bruksrett.
Kven slepp eigenfråsegn om konsesjonsfridom?
Det er ikkje alltid du treng å registere informasjon hjå kommunen om konsesjonsforholdet. Nedanfor finn du ein vegvisar kor du legg inn informasjon om eigedomen for å sjå om du treng eigenerklæring eller ikkje. Vegvisaren tar ikkje for seg alle typer eigedomar. Dersom eigedomstypen din ikkje er nemnt i vegvisaren må du kontakte kommunen der eigedomen ligg.
Konsesjon ved overføring av eigedom
For større eigedomar, til dømes landbrukseigedom, må du sjekke om du treng å søkje om konsesjon. Kommunen vil registrere konsesjonsvedtaket, slik at det blir tilgjengeleg for Kartverket. Du kan lese meir om konsesjonsvedtak i vårt rundskriv for tinglysing.
Når konsesjonsforholdet ikke kan registrerast hjå kommunen
Skjema
Last ned skjema med rettleiing om utfylling:
Eigenerklære konsesjonsfri overtaking av eigedom (Landbruksdirektoratet)
E-posten er sendt