Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Konsesjon ved tinglysing

Å få konsesjon betyr å få løyve frå kommunen for å overta eigedom. Ved tinglysing av eigarskifte, eller avtale om langvarig bruksrett må du kontakte kommunen for å avklare konsesjonsforholdet.

Du må undersøkja konsesjonsforholdet før tinglysing

Eit konsesjonsvedtak eller eigenerklæring om konsesjonsfridom må vere registrert av kommunen før du sender tinglysingsdokumenta til Kartverket. Opplysningane blir tilgjengelege for Kartverket. Vi returnerer dokumenta utan tinglysing dersom konsesjonsforholdet ikkje er registrert.

Eigenerklæring om konsesjonsfridom

I ein del tilfeller, må ny eigar fylle ut eit skjema som heiter ”Eigenfråsegn om konsesjonsfridom”. Skjemaet får du hjå kommunen, eller du kan laste det ned frå Landbruksdirektoratet si heimeside. Du kan kontakte kommunen som eigedomen ligg i om du treng hjelp til utfylling.

Område med nedsett konsesjonsgrense

I ein del kommunar er konsesjonsgrensa satt ned, enten for nokre områder, eller i heile kommunen. Nye eigarar i ein slik kommune, må søkje om konsesjon eller fylle ut det raude skjemaet for eigenerklæring om konsesjonsfridom. Dette gjeld også nye eigarar av burettslagsandelar, og dei som skal få ein festekontrakt eller annan langvarig bruksrett.

Kven slepp eigenfråsegn om konsesjonsfridom?

Det er ikkje alltid du treng å registere informasjon hjå kommunen om konsesjonsforholdet. Nedanfor finn du ein vegvisar kor du legg inn informasjon om eigedomen for å sjå om du treng eigenerklæring eller ikkje. Vegvisaren tar ikkje for seg alle typer eigedomar. Dersom eigedomstypen din ikkje er nemnt i vegvisaren må du kontakte kommunen der eigedomen ligg.

Konsesjon ved overføring av eigedom

For større eigedomar, til dømes landbrukseigedom, må du sjekke om du treng å søkje om konsesjon. Kommunen vil registrere konsesjonsvedtaket, slik at det blir tilgjengeleg for Kartverket. Du kan lese meir om konsesjonsvedtak i vårt rundskriv for tinglysing.

Når konsesjonsforholdet ikke kan registrerast hjå kommunen

Skjema

Vegvisar for overføring av eitt gards- og bruksnummer eller burettslagsandel


Denne vegvisaren hjelper deg å finne ut om du må levere ei eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overføring av eitt gards- og bruksnummer (eventuelt seksjons- eller festenummer i tillegg), eller ein burettslagsandel.

Dersom eigedomen består av fleire bruksnummer, må du ta kontakt med kommunen. Det same gjeld dersom eigedomen har ein andel i eit realsameige.

Undersøk om bygget er registrert

Du bør også undersøkje om bygningen er registrert på eigedomen som skal overførast. Dette kan du finne ut av dersom du søker opp eigedomen på Eiendomsregisteret.

Kva skal du overføre?
Ligg eigedomen i ein kommune der det er nedsett konsesjonsgrense?
Ligg burettslagsandelen i ein kommune der det er nedsett konsesjonsgrense?
Er eigedomen to dekar eller meir? (2000 m2)
Er eigedomen to dekar eller meir? (2000 m2)

Dersom du kun skal overføre ei ubebygd tomt, må du kontakte kommunen for å registrere eigenerklæring om konsesjonsfridom.

 

Dette må du gjere før du sender dokument om eigarskifte til tinglysing.

Du treng ikkje ta stilling til konsesjonsforholdet for å overføre burettslagsandelen

 

Les meir om overføring av burettslagsandelar

Dersom eigedomen ligg i ein kommune med nedsatt konsesjonsgrense må du kontakte kommunen for nærare rettleiing.

Dette må du gjere før du sender dokument om eigarskifte til tinglysing.

Skjemaet som du må fylla ut finn du på landbruksdirektoratet sine nettsider

Du treng ikkje registrere eigenerklæring om konsesjonsfridom før tinglysing.

 

Les meir om overføring av eigedom

Du treng ikkje registrere eigenerklæring om konsesjonsfridom før tinglysing.

Dersom eigendomen er to dekar eller større må du kontakte kommunen for å avklare konsesjonsforholdet.

 

Dette må du gjere før du sender dokument om eigarskifte til tinglysing.

Du må undersøkje om eigedomen din ligg i ein kommune med nedsett konsesjonsgrense.

Her er ei oversikt over kommunar med nedesett konsesjonsgrense

Du treng ikkje registrere eigenerklæring om konsesjonsfridom før tinglysing.


Les meir om overføring av eigedom

Ofte stilte spørsmål

Share
XPPT